Den kjende songaren, evangelisten, bibelæraren og forfattaren Finn-Arne Lauvås har bibelveke på Fitjar bedehus onsdag 26. mars til søndag 30. mars.

Det skriv Ingebrigt S. Sørfonn i ei pressemelding, og fortset:
-Finn-Arne Lauvås er opphavleg frå Mo i Rana, men heimstad-adressa hans har no i mange år vore Skudesneshavn.

Finn-Arne Lauvås vart omvendt som 24 åring, og sidan 1997 har han vore i heiltidsteneste for Evangeliet. Han har hatt møte og kampanjar i ulike evangeliske kyrkjesamfunn i Norge. I tillegg har han hatt evangeliske kampanjar i Aust-Europa, Skottland, England, Sør-Amerika og Asia. Han har også undervist ved forbodne bibelskular i Kina. Jesus Kristus er alltid det sentrale temaet i Finn-Arne si forkynning.

Lauvås har òg skrive ein del bøker om det nye livet i Kristus. Som songforfattar har han eit rikt repertoar. Mest kjend er nok songen «Nå er jeg på vei til Himlens land»

Tema for bibelveka på Fitjar vert «Det kristne livet – ut frå eit himmelsk perspektiv»

Gold rush for Nepal’s free viagra samples before buying Soldiers On Viagra Part Of A List Of Secrets Held By Harper Government