Onsdag kveld starta møteserie med Finn Arne Lauvås. Koret Praise Him var med og sang.

Fra 23 t.o.m søndag 27/4 vert det kvar kveld møter på Fitjar Bedehus.

Finn-Arne Lauvås (fødd 1950) vaks opp i Mo i Rana utan nokon kristen bakgrunn, men blei omvend 24 år gammal. Sidan 1977 har han vore i heiltidsteneste med evangeliet.

Han  vart frelst og løyst av Jesus Kristus gjennom 17 mnd på Blå Kors institusjon etter fleire år med rusproblematikk. Familien, kona Gunn og tre vaksne søner, er busett i Skudeneshavn på Karmøy.

Han har skrive mange songar. Dei fleste er gitt ut på 5 CD-er. Mest kjent er kanskje ”Jesus har frelst min sjel” eller ”Nå er jeg på vei til himlens land” som den og vert kalla. 
I tillegg har han og skrive ein del bøker om det nye livet i Kristus.

 Jesus Kristus er temaet i forkynninga.

På Radio Fitjar vert det torsdag og fredag kl. 20 sendt frå møta.