Ein stor del av turistane som kjem til Fitjar er gjerne båtturistar, slik som familien Kjærstad og Fjellstad.

 

 

Askøy-gjengen på fire vaksne og to born har vore til sjøs i godt og vel ei veke. Først var dei rundt i Ryfylke, før dei gjorde vendereis nordover att. Dei kom til Fitjar søndag, og skal etter planen reisa vidare onsdag.

 

Dei har ingen tilknyting til Fitjar, men kom innom her, og likte seg så godt at dei blei verande nokre dagar. Etter å ha vore samla på 37 fot i ei veke, er det greitt å gå i land og avreagera litt, kanskje særleg for ungane.

 

– Det var fleire ting å gjera på her, fortel Sigrunn Kjærstad, der ho står med barnebarnet Emine (2) i vogna.

 

– Det er ei strand her som ungane kan leika på, og leikeapparat lenger oppe i sentrum. Det er lagt til rette for å gå tur her, og me har vore mellom anna oppe i Storhaugen. Og har fiska.

 

Ho gir uttrykk for at det har vore kjekt at det har vore fleire ulike butikkar å sjå og handla i, ikkje berre matbutikk.

 

Kjærstad fortel også at dei har sett pris på at det ikkje har vore så stor trengsle i gjestehamna i sentrum, men ut frå kor godt denne familien har funne seg til rette som gjester, burde fleire plotta Fitjar inn som stoppestad på seglasen sin.

 

Kor går turen vidare?

 

– No skal me heimom og der fem til skal mønstra på, og så skal me til Florø, avsluttar ho.

 

Ingressbilete: David (6), Kjetil Fjellstad, Lisbeth Kjærstad, Per Håkon Kjærstad, Emine (2) og Sigrunn Kjærstad smilte om kapp med sola under fitjaropphaldet sitt. Foto: Arne Vestbøstad