Det fine, klare haustvêret me har hatt dei siste dagane har ikkje berre gitt naturen flotte fargar om dagen, like magisk fargespel kunne dei som var vakne i natt oppleva.

Aurora polaris heiter det på fint. Nokon kallar det polarlys, «morgenrøden i nord» eller nordlys. Like før midnatt natt til i dag kunne dei som var vakne og oppheldt seg på ein mørk stad, oppleva dette spesielle fargespelet her på Fitjar. Nordlyset avhenger av aktiviteten på sola. Det treng ikkje vera kaldt eller mørkt for at det skal vera nordlys, men for at me skal kunna sjå det, må det vera mørkt og klarvêr, og då er det gjerne kaldt. I natt låg temperaturen på rundt fire pluss-grader på Rimbareid. Gjekk du glipp av nordlyset i natt, kjem det kanskje nye høve. Vêrmeldinga Storm har teke til med nordlys varsling, og her kan ein følgja med på kva me har i vente. For komande natt melder dei dessverre heller lav nordlysaktivitet, og ikkje nordlys lenger sør enn til Trondheim. Nordlys er vanlegast i Nord-Noreg, og du kan lesa meir om nordlys på nettsida til Nordnorsk vitensenter i Tromsø.