Både Ole og Ingrid Bergesen hadde flotte bidrag under opningsfesten til DNB på Heiane, nyleg. 9. klasse ved Rimbareid skule gjorde dugnad.

Då DNB inviterte til opningsfest av det nye DNB-kontoret på Heiane var òg fitjarbuar med i programmet. 

Ingrid Skår Bergesen framførte ein nydeleg song, og Ole Bergesen leia programmet. Ved å fremstå som «Fitjarordførar» opna han det heile med å klyppe snora både på langs og på tvers!

– Vogntoget DNB-Event på hjul serverte gratis pølser, boller, kaffi og brus til alle som ville ha. I tillegg hadde bilen med seg ein «Bumpers-bane» som vart flittig nytta av ungar og ungdomar gjennom dagen, fortel Hrafn Thorsteinsson i DNB til fitjarposten.no.

– For å syta for at parkeringa og serveringa gjekk fint for seg, hadde DNB engasjert 9. klasse ved Rimbareid ungdomsskule. 12 elevar og 8 foreldre sto på og utførte ein kjempegod jobb frå start til slutt, noko som førte til gode pengar i klassekassa. 

Ole Bergesen leia òg denne gjengen, legg Thorsteinsson til.