Fjellheim Friluftsbarnehage med ei lita barnegruppa på tur til Landåsen og Eventyrskogen måndag 15. april 2013.

– Ein lang, fin tur i Landåsen. Ungane syntest det var litt langt å gå, men gløymte det fort, for det var jo så spanande å sjå på alle dei flotte eventyrfigurane som stod i skogen og venta på dei.

Lunsjen smaka godt og alle ungane var i strålande humør og svært nøgde med dagen! fortel styrar Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no.