Tone Sandtorv Brakedal var einaste deltakar frå Fitjar på Pingvinlekene i Leikvanghallen no i helga.

Stemnet i den einaste friidrettshallen i Bergen er det nest største innandørsstemnet i landet, og konkurransen er svært hard. Ein litt forsiktig start i høgde med 1,45 og 3.-plass var litt svakare enn både ho sjølv og trenar Bård Inge Bø hadde håpa på, etter hopp opp mot 1,55 på trening i det siste.

Men det losna noko meir i dei neste øvingane. På 60 meter sprinta Tone inn til ein sterk 2.-plass og ny innandørspers med 8,18. Her vart ho slått av den argaste konkurrenten sin her i fylket, Live Haugestad Hilton, Bergens Turn, som kosta inn til den sensasjonelle tida 7,95 og ny stemnerekord.

På den same distansen, men med hekkar i vegen, var rollene bytte om. Tone, som har fått betre hekkepaseringar sidan sist sesong, persa med nesten to tidelar til 9,36. Hilton kom over tre tidelar bak med 9,68. Med andre ord, klar siger til Tone!

Også i den siste øvinga, lengde, var desse to jentene i særklasse. Hilton leia gjennom alle dei fem første omgangane, før Tone får opp eit langt sprang i siste forsøk. 5,15 meter på Tone er flott ny pers. Likevel var det åtte små cm for kort til å straffa Live sine 5,23. Dermed blei det ein ny fin 2.-plass til Tone. Også i denne øvinga vil ho ha mykje å gå på, seier trenar Bård Inge Bø, når ho får trent meir spesifikk svevteknikk utover våren.