Fitjar barnegospelkor hadde i ettermiddag siste øving før ferien. Difor gjorde dei som tidlegare år, heldt minikonsert. Og godt med folk til stades var det i år òg. Den store salen på Bedehuset blei faktisk fylt med folk. Foreldre, søsken og besteforeldre møtte opp, og dei frammøtte fekk ein trivelig time med frisk song. Leiarane har funne fram til lette, fine songar, og både kor og solistar gjorde ein flott innsats. Det var òg kjekt å høyre Elisabeth Moldestad som heldt andakt og song sin eigen melodi.