Ingen reaksjonar, står det i politiet sin rapport etter promillekontroll på Stord.

Politiet på Stord gjennomførde promillekontroll på Vabakkjen i natt. 32 bilførarar vart stoppa, men ingen av desse hadde promille, melder Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt. Me håpar på like fin køyring i dag, anten politiet skulle dukka opp med nye kontrollar eller ikkje.