Fitjar Musikklag skapte stemning for dei frammøtte på Sjøsio laurdag føremiddag.

Dessverre starta dagen med gråvêr, og det var ikkje mange som hadde funne vegen til Sjøsio då konserten starta. Men rundt 50 musikkelskarar fann etter kvart vegen til kaien, og fekk som vanleg mykje å gle seg over når Musikklaget ber inn til konsert.

På programmet i dag stod mykje lett og behageleg musikk som var til å bli i godt humør av, bl.a. «Gonna fly now», «The Floral Dance», «Crazy Little Thing Called Love», «Troublemaker» og ikkje minst «Basin Street Blues», av Spencer Williams, kjend frå dei brune kafeane i New Orleans.

Tilhøyrarane me snakka med, sette som vanleg umåteleg pris på vellyden frå Musikklaget. Og musikantane såg ut til å trivast under taktstokken til gamledirigenten Per Olav Paulsen.