Fitjar Karate Senter har vore godt representeret under karatestemne i Sandnes denne helga.

Det  var to cupar i helga, fortel Bente Ringheim Koløen til Fitjarposten. Laurdag var det JKA Open junior og senior, og søndag var det JKA Cup junior. Arrangørar var JKA Norway og Lura Karateklubb.

JKA OPEN er er ein open shotokanmeisterskap for junior og senior 2013. Det vil seia at alle som trener shotokan kan delta. Berre belteklassar, ingen vektklasse, kjempar uavhengig av sin egen storleik eller vekt. Ein perfekt teknikk er nøkkelen til siger, etter det me forstår.

79 utøvarar frå 14 klubbar deltok. Frå Fitjar Karate Senter var det tre deltakarar. Morten Korsvik fekk sølv i kamp (kumite) og sølv i mønster (kata). Vegard Vik fekk bronse i kamp (kumite). Rebecca Koløen deltok og, men fekk ingen plassering denne gongen. Desse tre skal satsa fram mot NM i JKA karate i mars 2014, og det blir mykje trening framover for dei.

Under JKA Cup Junior søndag hadde Fitjar Karate Senter åtte deltakarar med. Her tok Jedrek Rutkowski gull i mønster (kata), Stian Larsen gull i kamp (kumite), Ørjan Larsen sølv i kamp (kumite) og Christina Koløen bronse i kamp (kumite).

FKS er fornøyd med presatasjonane denne helga, seier Bente Ringheim Koløen. Også dei som ikkje fekk plassering denne gongen har hatt ei lærerik helg. – Å prestera individuelt med 4 hjørnedommarar og ein hovuddommar rundt seg, er og noko ein lærer av.

Fitjar Karate Senter mangler førebels sponsor for konkurransar, men skal jobba med dette framover, seier Bente R. Koløen til slutt. .