Maren Rydland spring inn til 2.-plass på 60 meter i sitt heat i går.

I tre dagar har friidrettsungdom frå Fitjar vore med og sett sitt preg på Stordleikane på Vikahaugane; heile 16 deltakarar frå Fitjar har hevda seg bra mot spretne og lettbeinte ungdommar frå heile distriktet.

Dei beste resultata fekk me på fredagens 600 meter, med førsteplass til Maren Rydland og svært sterke andreplassar av Johannes Sandvik Bø og Marius Torbjørnsen på den same distansen. Og i går vann Johannes og Marius dobbelt på 800 meter.

Ole Jakob Wiik er ein lovande rekrutt. Her spring han 40 meter.

Diverre fekk me ikkje sjå Marius Torbjørnsen i høgde; han blei skadd etter eit lite spark i leggen under fredagens 600 meter, og deltok ikkje meir i Stordleikane denne gongen.

Etter dagens øvingar kan me notera totalt 16 deltakarar frå Fitjar i Stordleikane. Rekruttane Ole Jakob Wiik, Jonas Dalen, Sofie Bergesen Førre, Sunniva Wiik, Tori Torbjørnsen, Olve Torbjørnsen, Guro Dalen, Ola Dalen og Gard Sandvik Bø utgjorde dei Fitjar-utøvarane som er under ti år.

Som vanleg viste rekruttane fin innsats, sjølv om me ikkje fokuserer så mykje på tider og lengder blant desse. Og ekspertisen la merke til fleire lovande talent blant dei yngste fitjarbuane.

I dag gjorde Elise de Fine Olsen (13) ein fin innsats på 60 meter og 200 meter i ein svært hard konkurranseklasse. Ein litt sjukdomsredusert Marius Pedersen suste inn til 2.-plass på 40 meter, Bjart Sandvik Bø hoppa 1,21 i høgde, ikkje langt frå personleg rekord, i 12-årsklassen, og Anna Sandvik Bø (15) gjorde ein fin innsats utan for mykje spesialtrening på 100 meter og i lengde med tilløp med to 3.-plassar.

Linkar til resultatlistene finn du om du går inn på heimesida til Stord Friidrett.

Rekrutt Jonas Dalen hevdar seg fint på 40 meter.
- Annonse -