Me fekk sjå mykje fin handball i idrettshallen laurdag, sjølv om gutane gjekk på eit braktap mot Bergens-laget Viking 2. Gutane i 12-årsklassen har spela fleire gode kampar i vinter, men motstandaren i dag var minst eitt nummer for stor. Viking 2 frå Bergen scora åtte mål før heimegutane klarte å redusera, og dermed var kampen avgjort. Men andre halvdel av første omgang var Fitjar-gutane heilt på høgde med motstandarane sine, og kunne gå til pause med anstendige 6-12. Opninga av andre omgang var også brukbar. Men etter kvart blei motstandarane altfor sterke, og pøste på med mål til det stod 8-29.

Jentene begynte òg litt svakt, og låg under 1-5 ved pause i den første kampen sin, mot Nore Neset 2. I andre omgang spelte dei jamt, og tapte 9-5 til slutt. I den andre kampen sin for dagen, møtte dei Nore Neset 3, mykje godt dei same jentene som dei hadde tapt for ein time tidlegare. Denne gongen gjekk det betre for innsatsfylte Fitjar-jenter, som kunne innkassera ein velfortent siger 9-5. Med meir lagspel kunne sigeren blitt endå større.

Toppscorar for Fitjar blei Mathilde Bukkøy Rydland med totalt fem mål i dei to kampane mot Nore Neset. Elles la me merke til god innsats over heile linja, og mange gode redningar av keeper Malene Solli.

Fitjar sitt lag J11 (scoringar i parentes):
Malene Solli (keeper), Maria Prestbø, Maria Synnøve Koløen, Nora Marie Hellesund (1-1), Helene Eiken, Eli Inntveit, Tina Volden Nordfonn (1-3), Mathile B. Rydland (1-4), Sandra van Bier (2-0), Vilde Vestbøstad (0-1)

Fitjar sitt lag i G12 (scorinar i parentes):
Arild F. Waage (1), Torstein R. Kjelling, Fredrik Vik (1), Marius Strand, Morten Ivarsøy, Marcus Opshaug (1), Jon Andreas Hopperstad, Jonathan Tranøy (1), Markus Gerhardsen (2), Håkon Sørfonn, Hafstein Runarsson (2).