Fitjar Musikklag hadde invitert med seg Karmsund Brass og Sagvåg Musikklag til konsert i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, søndag ettermiddag. Ei fin stund.

Om nokre veker skal alle «korpsa» til den store SIDDIS-konkurransen for brass band i Stavanger, og denne konserten var ein gjennomføring før denne, i det alle korpsa spelte sitt «Siddis»-program. Sagvåg Musikk lag er i 2. divisjon, medan Karmsund og Fitjar spelar i 4. divisjon.

Det høyrde me.

Sagvåg musikklag imponerte med flotte solistar på kornett, trompet og trommer, og let oss høyre ein tonekvalitet og dynamikk som representerte ein annan klasse enn dei to andre.

Likevel syntes me at både Fitjar Musikklag og Karmsund Brass kom vel ifrå det. Hos Fitjar Musikklag var me mest begeistra for Paul Ryan sin «Eloise», med eit spennande arrangement som me synest dei takla svært bra.

Frå Karmsund Brass si framføring vil me hugsa best «Intrada –Rock music one» med flott trøkk i kornettane, god dynamikk og flotte forte-partiar.

Me vil òg nemne fellesnummera der Fitjar og Karmsund spelte i lag. Skikkeleg bra.  Og «Black Dyke» fekk oss mest i 17. mai-stemning…