Frode Korneliussen sin artikkel om Fitjar på Wikipedia er valt ut som vekas artikkel på Nynorsk Wikipedia. Fin fitjarreklame. Artikkelen finn du på http://nn.wikipedia.org/wiki/Fitjar.

Dette betyr at eit kort samandrag av artikkelen vert liggande godt synleg på framsida frå mandag 11. februar. I tillegg vil dette samandraget med lenkje til nynorskartikkelen ligge to dagar på framsida til Wikipedia på bokmål og på både Dansk og Svensk Wikipedia.  

God marknadføring for Fitjar i heile Skandinavia med andre ord!

-God jobba, Frode, seier me.

Du kan lesa meir om Frode og Wikipedia i ein artikkel på Sunnhordlad.no.