Ein av lesarane våre, Håkon Rydland Sæbø, kjem med tips til god og billig mat, som er både kortreist og veldig god, anten du vil ha det til middags eller anna måltid.

Han fortel om to personar frå Dåfjorden som lånte båt på Rydland for å fiske i Storavatnet  torsdag. Fangsten deira var 16 fiskar med samla vekt 3,9 kilo. Det skulle gi eit snitt på 243 gram. Den største vog nok nærmare 400 gram. Håkon skriv: Det er grei størrelse på fisken i vatnet. Vatnet har godt av at me fiskar i det. Til slutt får me med oss nokre viktige opplysningar: 50  kroner for døgnkort og 200 for årskort. Båt med motor kan ein leige for 200 pr dag. Dersom ein har med born under 16 år, blir båten dekka av grunneigarlaget for Storavatnet . Ein må sjølv syte for  bensin til totaktar og redningsvest. På vestsida av vegen ved Synningo og på berga søraust for Breiavikjo er det gode fiskeplassar for stong.        

Ingressbilete ved Håkon Rydland Sæbø