Godt frammøte og god stemning då Team Siglo sikra seg samanlagtsigeren i quiz på Fitjar Fjordhotell fredag kveld.

Quizmeister Geir Bjarte Hatlevik møtte som vanleg oppagt til start, då den fjerde og siste runden i vinterens quiz blei avvikla fredag kveld. Han blei ikkje mindre opplagt då han såg det gode frammøtet, 11 bord er det meste han har hatt dette semesteret.

– Det er veldig kjekt å sjå at frammøtet berre har auka utover vinteren og våren, seier ein letta og glad Geir Bjarte til Fitjarposten.

Allereie før fredagens avslutningsrunde var det meir eller mindre klart at Team Siglo ville hala i land samanlagtsigeren, etter to førsteplassar i vinter. Dei einaste som hadde ein teoretisk sjanse til å gå forbi, var The Salomons, som stod med ein siger. Men det viste seg snart at verken Siglo eller The Salomons kunne kjempa om sigeren denne gongen.

Som vanleg var Hanen & hønene med i tetstriden, og tok andreplassen før The Salomons og Team Siglo, som delte tredjeplassen. Berre goe, frå Fitjar Mekaniske Verksted, gjekk straks i leiing og vann ein overraskande, men overtydande siger.

Etter kveldens runde kunne Siglo forsyna seg først frå premiebordet, som var sponsa av Fitjar Mekaniske Verksted, Wärtsilä, Fylkesnes Bil og Fitjar Fjordhotell. Ironisk nok blei det laks – salmon – på dei svært så laksekyndige The Salomons.   

Ein ekstra spiss på den siste quizkvelden sette to trubadurar frå Haugalandet, Aina Størksen og Jostein Marø.

Geir Bjarte lovar nye quizkveldar til hausten, og vonar både nye og gamle konkurrentar møte opp til fredeleg, men prestisjetung kappestrid.