Aftansong i Fitjar kyrkje i går kveld var ei fin samling. Kyrkjelydsprest Nobu Imazu var liturg og heldt ei kort, men gjevande tale.Biskop Hagesæther hadde ordet til slutt. Han  ønskte Fitjarfolket velkomne til kyrkjelydsfest på fredag og visitasgudsteneste komande søndag.Sjølv om ikkje så mange var til stades, lyddest mektig song utan tonefylgje då kvelden vart avslutta med songen Store Gud vi lover deg.