Ingolv Rimmereid er mykje oppteken av å ta vare på gamle kulturminne. No kan han gle seg over at ein av ideane hans er ”i boks”.

Sist laurdag vart det slakta ein gris på gammaldags vis medan alt vart filma. Slaktinga føregjekk i det gamle eldhuset til Lars Helge Landa. Kristen Aarbø og Johannes Koløen stod klar med grisemaska då Arve Rydland kom til gards med ein gris som vog nesten 100 kg.

Heile prosessen føregjekk som i gamle dagar. Ungane fekk ikkje lov til å sjå når grisen skulle avlivast, men stundom stod ein eller to bak eit hushjørne og kikka fram. Slik var det no og. Stine Landa og Ole R. Rørvik var kledde etter tilhøva der dei stod på lur. Det rauk frå skorsteinen, for inni eldhuset skulle det varmast vatn til skoldinga. Oppi ei stor tønne tømde dei vatnet som skulle måle minst 65 garder. Arve og Johannes heisa grisen ned i tønna medan Kristen roterte han. Grisen vart lagt på bordet og så var det klart for å skolde den delen av grisen som hadde vore oppi det varme vatnet først. Til skolding brukte dei kvasse tolleknivar. Skoldehorn er av nyare dato. Kristen fortel at slikt ikkje var i bruk då han var gutunge. Klauvene vart dregne av med ei knipetong. Etter ei tid vart grisen skoren opp, innvollane skulle ut og han måtte heisast opp på nytt. Eit gammalt trau på garden vart nytta til å legge innvollane i. Karane begynte å snakke om kaffiøkt då arbeidet nærma seg slutten. Og så skulle griseskrotten  henge til mogning slik ein gjer med hjorteslakt.

Alt arbeidet med vidare foredling av slaktet var det mest kvinnene som tok seg av. Ingolv minnest frå barndommen at det var viktig å slakte ved nymåne og på floande sjø. Om det klaffa slik denne dagen, skal vere usagt.

Kultursekretær Elise Aarbø fortel til Fitjarposten at kommunen fekk ja på ein søknad om stønad til filmopptak. Søknaden vart sendt til Hordaland fylkeskommune i høve kulturminneåret 2009. Ein utflytta fitjarbu, Kai Roger Melkevik som jobbar i lag med Genesis Film i Haugesund, gjorde filmopptaket.

Det er mange i Fitjar som set pris på at kulturminne frå dagleglivet i nær fortid vert tekne vare på, og no kan alle desse gle seg til å sjå filmen når han vert ferdig.

Ingolv som hadde ideen fortener stor takk, og det same til alle medhjelparane då prosjektet vart gjennomførd.