Filmen "Perfekte Fremmede" skal synast av Stord Filmklubb på Kråko på laurdag.

Stord filmklubb takkar av sommaren med italiensk kveld på PS Bryggekafe i Kråko i Fitjar laurdag 1. september.

– Det blir ei filmkulinarisk oppleving av dei sjeldne, fortel Kirsti Aksnes i styret til Stord Filmklubb.

Filmen «Perfekte fremmede» (Perfetti sconsciuti) frå 2016 blir vist, og det blir òg servert italiensk pizza og vin. Filmen vann Publikumsprisen ved Filmfestivalen i Haugesund, og slo an i det norske, så vel som det italienske publikummet.

Filmen startar med eit hyggeleg middagsselskap der sju venner startar eit farleg spel. Kvar gjest legg mobilen på bordet og godtar å gjera alle tekstmeldingar og samtalar offentlege, i eit forsøk på å bevisa at dei ikkje har noko å skjula. Filmen er morosam, men etter kvart skrur dramaet seg til.

Filmklubben har dei siste åra vist film på fleire utestader, i Kulturhuset, asylmottaket og gruvene på Litlabø. Men dette er første gongen filmklubben viser film utanfor kommunegrensa.