Gjennom dei personlege trenarane Laura og Anette vil FIL gjennom Fitjar Treningsenter tilby personlege trenarar. Dei to er sertifiserte trenarar ifrå AFPT (Akademiet For Personlig Trenar).

Lokalitetane dei kjem til å trene i er treningssenteret i 2. etg. på Fitjar kultur- og Idrettsbygg. Men først vert det foredrag. Det skjer torsdag13. juni i klubbhuset i Fitjar Idrettspark.

– I dette foredraget kjem dei til å snakke om kor viktig det er å trene, og kva ein personleg får igjen for å gjere det. De vil òg ta opp korleis dei kan hjelpe med å lage treningsprogram og korleis dei kan finne den mest effektive måten for å nå målet. Som personlege trenarar vil dei følgje opp kvar einskild person, slik at trenar og brukar vil nå måla i lag. Dei set òg opp treningsprogram og kosthaldprogram, om det er ynskjeleg, fortel dagleg leiar i FIL, Geirmund Aga.

– I tilegg til god fysisk form gir trening betre konsentrasjon, auka psykisk velvere, auka effektivitet og betrar evna til å takle stress og andre utfordringar i arbeidslivet, heiter det mellom anna i eit skriv til firma i Fitjar.

Foredraget i klubbhuset er gratis, og finn stad torsdag kveld 13. juni.