-Ei feststund med mykje lun og god humor. Slik karakteriserte ei av tilhøyrarane møtet med Oscar Stein Bjørlykke på Biblioteket, onsdag kveld.

Og me trur ho er representativ for dei rundt 40 fitjarbuane som vart til stades for å møte sin etterkvart svært anerkjende sambygding. Bjørlykke la heller ikkje denne gongen skjul på at sjølv om han har budd heile sitt vaksne liv utanfor Fitjar, har minna og opplevingane frå dei 15 åra han budde her, vore med han som ein god følgjesvein heile vegen seinare i livet.

Nyleg fekk Bjørlykke Falturiltu-prisen, og denne veka er han  festivaldiktar under Barnelitteraturfestivalen på Stord.

Såleis var det naturleg at det var barnelitteratur han trekte fram på Fitjar denne novemberkvelden. Men både "Kom til dammen", som han fekk kritikarprisen for, og den heilt nye "Hoppe i havet", kan godt lesast av vaksne òg. Den siste er ei diktbok med bittesmå dikt om eit barn som stikk heimanifrå, og som vender tilbake.

Kontakt med publikum hadde han frå første stund, og det er å vona at det ikkje blir altfor lenge til neste gong denne forfattaren ser til heimbygda si.