Fitjar musikklag skapte fest med friske taktar og fengjande melodiar forskjellige plassar i sentrum, laurdag føremiddag.

-Me hadde lyst til å vera med på å bidra til litt liv i gata, samstundes som dette òg er ein måte å takke sponsorane våre på, seier ein smilande dirigent Per Olav Paulsen til Fitjarposten. -Eit glimrande tiltak, seier me.