I går kveld var det høgtidleg overrekking av Frivilligprisen i Fitjar, som gjekk til Øyvind Skålevik. Ordførar Harald Rydland overrekte prisen og haldt ein flott tale.
Utdelinga fann stad i Fitjar Idrettslag sitt klubbhus i samband med den årlege Frivilligfesten som Fitjar Frivilligsentral skipar til.

44 frivillige var samla i godt lag. Styret i Frivilligsentralen hadde laga betasuppe, kaker og kaffi. Rema-butikken på Stord spanderte frukt og sjokolade til festen.

Det vart ei triveleg stund med gode historiar frå Lars Vik (frå gamledagar i idretten for Fitjar), tale frå leiar i laget til prisvinnar og til slutt ei orientering frå dagleg leiar i Frivilligsentralen til dei frammøtte om drifta i Frivilligsentralen dette året.
 
Ordføraren musiserte òg litt med trekkspel mens drøsen gjekk godt kring bordene. Prisvinnaren av Frivilligprisen 2007, Øyvind Skålevik takka juryen for ein gjev pris.
 
Om lag 150 frivillige er no i drift i sentralen, og det er høg aktivitet.