Folk fylte platehallen, og både barn og vaksne gav uttrykk for at dei hadde ei strålande fin stund, då Fitjar Mekaniske Verksted AS synte seg fram med Open dag tidlegare i dag.

Verftet hadde lagt opp til eit variert program med orientering om utviklinga ved FMV dei siste ti åra, historisk føredrag ved Håkon C. Hartvedt, frisk korpsmusikk av både Fitjar – og Sagvåg skulekorps, og ikkje minst, skattejakt rundt omkring på området, og i båtane som låg ved kai.

Ingen tvil om at det siste var det absolutt mest populære tiltaket for dei minste. Artige postar, med skattekart og ei ”løype” spennande annleis  enn andre turstiar, gjorde sitt til det.

Ikkje minst var det tøft for barna å få kome om bord i Skandi Chieftain, som var ein av båtane DOF hadde stilt til disposisjon for omvising. I alle fall syntest Sigve Hjelmen det, der vi fotograferte han på øvste dekk med hand om manøvreringsspakane. Mange tok òg del i FMV-quiz-en, og seinare vanka det premiar til dei beste i begge konkurransane.

Og så var det mat. Leiinga ved verftet hadde kjøpt inn 800 pølser, og i tillegg vanka det både brus og is, vårrullar og kaffi – gratis, til alle som ville ha. Og ikkje såg me anna enn at folk sette pris på det alt saman.

Tener pengar
Bygdefolk som var til stades gav elles uttrykk for at det var svært kjekt å høyre at FMV, etter fleire tøffe år, no har begynt å tene pengar igjen.

-Det har me gjort kvar månad frå september 2008, og eg trur me skal ha verft her på Fitjar i mange, mange år enno, var den glade bodskapen verftsdirektør Hugo Strand kunne bere fram, i sitt innlegg om situasjonen ved verftet i dag.

Alt i alt eit flott møte mellom folk og firma.