Fitjar skulekorps sin konsert «Musikalar» i Kultursalen i går, vart ein fest frå ende til annan.

Korpset har fått «sett seg», og framstår no med eit mykje sterkare musikalsk uttrykk enn berre for nokre månader sidan. At dei på seks veker har klart å øve inn og gjennomføre det me fekk høyre i går, er ikkje berre mest utruleg, det seier svært mykje om dei kvalitetane Fitjar skulekorps no har. Ikkje minst var deira framføring av «We are the champions» aldeles strålande.

Ofte kan ein finne at ei av gruppene i eit korps kan hengja litt etter. I går var det ikkje slik. Me var imponerte over kornettane, horna, trombonane, bassen, perkusjonen, dirigenten – og solistane. Kvalitet i alle ledd. I tillegg vart me sjarmert av framføringane til aspirantane og dansarane.

Eigne solistar
Solistar har korpset rikeleg av i sin eigen midte. Både messingblåsarar og songarar. I førstnemnde kategori fekk me i går høyre Oda Rydland på euphonium, Ingvild Prestbø og Aslaug Flatråker Ottestad på kornett, Eva Marie Vevle Tufte på althorn og Guro Rimmereid på flygelhorn. Flotte prestasjonar av alle. Runde, vakre tonar og god dynamikk. Aller best likte me Aslaug sin kornettsolo på «Feeling good». Guro synte, i tillegg til sitt flotte messingblåsarspel, at ho òg er blitt ein svært god akkompagnatør på piano.

Songsolistane gledde òg. Thea Træet var flott som «Annie». Silje Rydland har ei særeigen stemme som me likar svært godt, og hennar avslutning i pianissimo på «The winner takes it all» nådde langt innanfor skjorta. Ingvild Prestbø er relativt ny som songsolist i denne samanhengen, men ho klarte seg godt. Det gjorde òg Edith Helland. Ho går no i lære hos Ole André Westerheim, har fått eit større og meir klassisk utrykk – og jobbar no med vibrato og magestøtte. Dette sit ikkje heilt enno, difor var ho til tider litt ute av pitch. Men det er tydeleg at Edith kan ha noko stort på gang.

Elles likte me godt Ole R. Rørvik med artige innslag og fin gutte-sopran i «Can you feel the love tonight».

Alt i alt ei feststund for ein bortimot fullsett kultursal. Svært bra leia av konferansieren Ole André Westerheim. Ros går òg til lyd og lys ved Årstein Tislevoll, Nils Andreas Brekke og Sverre Fangel Brekke.