Det er Sissel Jørgensen i styret for Fitjarfestivalen som slår fast dette etter eit besøk på Fitjargarden.

Som kjent kom potetene rekordtidleg i jorda på Fitjargarden i år. Og dette kjem både Fitjarfestivalen og andre potetglade kundar til gode.

Sissel Jørgensen er ansvarleg for maten i styret for Fitjarfestivalen i år. Dette er ingen liten jobb, etter som festivalen heile tida har hatt fokus på mat, god mat og ikkje minst kortreist mat.

– Etter fem år byrjar Fitjarfestivalen å finna si form, og korleis me vil ha det, seier Sissel til Fitjarposten. Som kjent har den moderne Fitjarfestivalen utspring i den gamle Fiskefestivalen, som snart er 50 år.   – Fokus for Fitjarfestivalen skal vera det som sjøen og jorda gir oss, seier Sissel.

I seinare år har store egg- og bærprodusentar vore med og sett Fitjar på kartet. Men Fitjar-bygda er naturlegvis mykje betre kjend for ei anna matvare, nemleg fitjarpoteta. Derfor var det ikkje unaturleg at me tok oss ei tur opp på Fitjargarden for å sjå korleis det går med årets avling.

Der oppe møtte me tre jenter som var travelt opptekne med å ta opp poteter, vaska og pakka dei, og selja frå «potetkontoret» i garasjen. Dei tre jentene er døtrene til Mette Lambach og Tore Sigurd Fitjar; Kari, Solveig og Turid Fitjar. Sistnemnde har tidlegare vore med i styret for Fitjarfestivalen, med ansvar for bodgata, før ho reiste til Finnmark. Der har ho gått på Øytun folkehøgskule, på linja 70 grader nord.

Saman med søstrene sine har Turid Lambach Fitjar ansvaret for å få potetene i hus, og få dei vidare. I sommar leverer dei tidlegpoteter – berber – til Spar Fitjar, Brygga 11 på Leirvik og nærbutikken i Bekkjarvik. Potetene blir sorterte etter storleik i tre kategoriar, tapaspoteter er dei minste, vanlege matpoteter, og store bakepoteter.

– Me vil helst selja dei med jord på, seier Turid og Solveig, for då held dei seg betre. Men folk vil gjerne ha vaska poteter, og derfor
vaskar me rundt halvparten før me pakkar og sel dei. Til potetvasken bruker jentene ein betongblandar som dei har kledd innvendig med ei mjuk pastmatte. Dette er ein idé Tore sigurd Fitjar har snappa opp på Jæren, og patenten fungerer flott.

Dette Kan Fitjarposten konstatera etter å ha sett jentene demonstrera. Etter ein runde i betongblandaren står potetene i den milde nordavinden og tørkar før dei blir pakka i posar og leverte. Som super kortreist mat! – Kortreist kvalitet! er slagordet vårt, seier Turid Lambach Fitjar.

Ho fortel at ho ser for seg ei framtid innan produksjon av lokalmat. Etter kvart siktar ho seg inn på plantevitskap på Ås. Kanskje vil ho finna andre typar matproduksjon som kan vera med og utvikla garden vidare.

Sissel Jørgensen kan konstatera at potetene er i rute til Fitjarfestivalen. Og no tar ho peiling på ein annan storprodusent av kortreist Fitjar-mat. Følg med i spenning, så får du med deg neste stopp!