Det skal ikkje stå på maten under Fitjarfestivalen i år, kan me slå fast etter ein tur innom kjøkenet på Fitjar vgs. i dag.

Me gjekk etter lukta og fann etter kvart fram til fem travelt opptekne damer som var i full gang med å laga til maten til Fitjarfestivalen, som går av stabelen denne helga.

Lukta kom frå nysteikt Sæterbø-svin som damene var i ferd med å gjera klart til servering under Fitjarfestivalen. Det marinerte svinekjøtet hadde stått i fem timar på svak varme i steikeomnen. Så begynte å riva det i småbitar slik at det blir klart til servering som «Pulled Sæterbø-gris» til helga.

Frå ei gryte lenger borte lukta det ikkje mykje dårlegare. Der stod nemleg røvinssausen på kok. Oppskrifta har dei funne i den store sauseboka til Geir Skeie, og sausen skal serverast til angusokse frå Sæterbø. Denne sausen skal Geir Skeie sjølv visa på sausekurset under Fitjarfestivalen. Han skal òg demonstrera korleis han lagar barbecuesaus, som skal serverast til svinekjøtet frå Sæterbø.

På kjøkenet på Fitjar vgs. hadde dei òg fått inn eit lass med laks frå Engesund. Dei ivrige damene gjekk i gang med å porsjonera laksen, som skal serverast med agurksalat, rømme og kokte poteter.

Me kan trygt slå fast at maten til Fitjarfestivalen er i rute. Me treng ikkje anka på at det ikkje blir god mat og nok mat til alle i helga.


Margareth Tislevoll framfor med boka til Geir Skeie framfor gryta med rødvinssaus. Foto: Kjetil Rydland.


Britt Padøy riv svinekjøt til «Pulled Sæterbø-gris». Foto: Kjetil Rydland.

 

Ingressbiletet: Astrid Bukkøy, Inger Elin Helland, Britt Padøy og Margareth Tislevoll gjer seg klar til å porsjonera laksen frå Engesund.