Har du vore i Fitjar sentrum i dag, har du nok lagt merke til at festivalkontoret for Fitjarfestivalen er opna. Her kan du kjøpe billettar og festivalpass – og elles få info om det som skal skje under festivalen som startar torsdag kveld.

Festivalleiar Sigurd André Maraas fortel til fitjarposten.no at festivalkontoret vidare har ope onsdag, torsdag og fredag kl 14-18. Laurdag og søndag «heile dagen».

– Salet går godt, så eg oppfordrar folk til å sikra seg både festivalpass og billettar til dei forskjelige arrangementa, seier Maraas til fitjarposten.no.

Veit du ikkje kvar du finn festivalkontoret i sentrum, kan me opplyse om at du finn det mellom Larsenbygget og banken, slik biletet syner.

 

Ingressbilete: Klare for Fitjarfestivalen: F.v. Sigurd André Maraas, Martin Nysæther, Irene Karin Torvund og Jorunn Hernes. Foto: Håkon C. Hartvedt