Det er festivalgeneral Sigurd André Maraas som seier dette til Fitjarposten under ein pust i bakken torsdag ettermiddag.

Ein opplagt festivalleiar og styret hans får stadig nye kort på plass i kabalen, som skal gå opp i august. Han ser for seg ein rekordstor festival på dagtid, og lar oss få eit glimt inn i eit spanande program.

– Det er gøy å driva med festivalarbeid når det er så lett å få hjelp, seier Sigurd oppglødd. – Men me har alltid bruk for frivillige hjelparar, legg han til.

Eit nytt festivalinnslag i år hadde akkurat tikka inn på teleksen hans då me snakka med han i ettermiddag, Kultursjef Bente Bjelland har fått til ein avtale med Lars Slettebø om ei ikonutstilling i Galleri Losjen fredag 7. august.

Utstillinga blir opna ein time etter den offisielle opninga av Fitjarfestivalen 2015, og etterpå ber det bort på kaien igjen, seier Sigurd André. Der blir det festivalvorspiel i matteltet, quiz med Geir Bjarte Hatlevik.

Festivalgeneralen ønskjer òg å freista med festivalvorspielet laurdag kveld. Då stiller Øystein Kloster opp med standup-show i teltet på kaien.

Laurdag føremiddag tilbyr Fitjarfestivalen 4-5 timars barneparkering i Fitjar sentrum.  Her blir det ymse kjekke aktivitetar for ungar, inkludert ansiktsmaling og barneteater. Det er altså ingen grunn til å bli heime om du har mange ungar å halda styr på.

Sigurd André er særs fornøgd med å få på plass så mange aktivitetar i god tid. Han ønskjer allereie no å slå eit slag for konserten med Per Egil Larsen i restauranten på Fitjar Fjordhotell fredag kveld. Her blir det Heavy Metal-musikk med fleire av dei beste musikarane i distriktet. – Dei som liker slik musikk, eller er nysgjerrige, bør ikkje gå glipp av sjansen til å høyra dei beste på området!