Me har hatt ein tur i grisebingen til Sverre Sæterbø, saman med Sissel Jørgensen og Martin Nysæther, som begge er sterkt engasjerte i matstellet under Fitjarfestivalen.

I grishuset til Sverre Sæterbø møtte me hundrevis av gryntande og smilande griser i alle storleikar. Sverre fortel at griser er sosiale dyr som set pris på kontakt med folk, noko Sissel og Martin kunne konstatera sjølve inne i grisebingen.

Etter at me blei kledde om på forskriftsmessig måte – for å unngå å smitta dyra med sjukdom – fekk me helsa på 24 purker med ungar i fødeavdelinga. Kvar purke gir rundt ein liter mjølk i døgeret til kvar grisunge. Når me ser at purkene har 10-15 grisungar kvar, forstår me at dei er store mjølkeprodusentar, nesten som mjølkekyr!

Hin kvelden då me var innom, var ein av dei siste kveldane desse purkene skulle få vera med grisungane sine. No er dei flytta ned i ei anna avdeling. Etter rundt fem dagar utan ungar går dei i brunst, og blir inseminerte. Sverre fortel at det er viktig for purka at ho blir drektig igjen på første forsøk, elles ber det rett til slaktehuset. Det svarer seg ikkje for han å ha purka gåande utan ungar – det blir svindyrt! Purkene er ei blanding 50/50 av landssvin og Yorkshire, og blir para med sæd frå råne av den brune rasen duroc.

Totalt har Sverre tre flokkar på 24 purker som produserer grisungar. Nokre sel han vidare for oppal hos andre, men dei fleste før han på til dei er rundt 115 kilo levande vekt og 75 kilo slaktevekt. Då leverer han dei til Nortura sitt slakteri på Sandeid. Her blir dei til Gilde Edelgris. Eit svinesvangerskap varer tre månader, tre dagar og tre timar, fortel Sverre Sæterbø. Han har ein flokk purker som griser (føder) kvar sjuande veke.

Årets festivalgris fekk me ikkje møta denne gongen. Grisen som fekk denne æra, har allereie blitt slakta på Sandeid og er sendt til Lundal i Åkrafjorden. Her blir delar av ryggen og bakparten til dei finaste svinebiffar, som skal serverast på Fitjarfestivalen. Resten av svinekjøtet blir til fitjarpølse. Den blir laga av svinekjøtt og angus, etter ei eiga oppskrift. Dei beste delane av angusoksen blir behandla på same måten som svinet, og blir til saftig angussteik.

– Kjøtet frå angus er godt i pølse, seier Martin Nysæther. – Fettmarmoreringa – dei kvite trådane i kjøtet – gjer ikkje berre biffane saftige, seier han, men gjer òg angus godt eigna til pølse. Det bør vera 15-20 % feitt i pølsa, og derfor kan ein laga pølse av rein angus, seier Martin, men i oppskrifta vår har me rundt 60 % angus og 40 % gris.

På Sæterbø har Sverre 26 angusbeist gåande på beite,10 ammekyr med kalvar og ein okse. Dei kan gå så langt dei berre vil til fjells, men held seg i nærleiken av innmarka på Sæterbø. Sverre fortel at angusbeista er spreke dyr, som bryt seg gjennom gjerdet om dei vil det. Men dei er godlynte og greie å ha med å gjera. – Eg gir dei litt kraftfor for å halda dei tamme, fortel Sverre. Så snart dei høyrer lyden av ATV-en til hans, kjem dei springande, og blir ikkje mindre ivrige når dei høyrer lyden av pellets i bøtta hans.

Kraftforet er nesten det einaste unnataket frå økologisk drift hos Sverre Sæterbø. Han ønskjer å driva mest mogeleg økologisk, og bruker lite kunstgjødsel. Til gjengjeld har han meir enn nok grisemøk til å spreia over både innmark og utmark. Han har faktisk bruk for dette området til spreiingsareal, elles kunne han ikkje hatt så mange griser. Om vinteren får dyra silofor, og resten av året klarer dei seg på det dei finn på beite.

Sverre skulle ønskja det var betre økonomi i angusbeista, men 25 dyr er etter det me forstår eit lite gunstig tal. Eigentleg skulle han hatt fleire, men det sørgjer hjorten for at han ikkje kan ha. Truleg er Sverre den største bidragsytaren til den store hjortestamma i Fitjar. Nede ved husa sine i låglandet har han sett opp hjortegjerde, som har dobla grasavlinga, minst, seier han. Men eit liknade gjerde rundt innebøen oppe på Sæterbø er etter det me forstår ei stor investering.

Medan Sverre Sæterbø grundar på korleis han skal halda hjorten frå livet, kan me andre sjå fram til saftige, kortreiste biffar på Fitjarfestivalen.

Ingressfoto: Denne purka fekk ikkje æra av å bli årets festivalgris. Foto: Kjetil Rydland.