Fjortenårslaget til Fitjar IL utklassa Moster med 9-1 i bortekampen tysdag ettermiddag.

Fitjarposten var særs heldig med val av fotballkamp i dag, då me fekk sjå fjortisane våre valsa over arme mostringar i Moster Grendapark. Laget har vist før at dei har eit visst potensial, og dagens kamp mot Moster var ikkje noko unnatak.

Allereie etter vel tre minutt sette dei standarden, med ei flott scoring av 7.-klassingen Daniel Skarpnes. Rett nok utlikna Moster til 1-1 berre eitt minutt seinare, då dei fekk altfor god plass i Fitjar-forsvaret. Men derfrå og inn handla det meste om Fitjar. Dei overtok meir og meir, og me fekk sjå tre mål til av Daniel Skarpnes, som ser ut til å skyta like godt med begge bein. I tillegg har han dei fleste eigenskapar ein god spiss skal ha, fart, timing og nase for mål!

Særleg det tredje målet var ein fryd for auga. Marius Storebø tok ballen med seg på høgrevingen, og la fint inn frå dødlinja. Der kom goalgetteren Daniel i stor fart og knuste ballen knallhardt i nettaket frå fire-fem meter. Ei perle av ei scoring, som fekk dommar Karl Inge Nymark til å utbryta. – Dette var like fint som på A-laget! Som kjent er Nymark ein hyppig gjest på A-kampane våre i Fitjar Idrettspark.

Med 4-1 til pause hadde Fitjar-gutane avgjort kampen, men dei slakka ikkje av på tempoet i andre omgang. I byrjinga av omgangen fekk me sjå to fine mål av Marius Storebø. Mot slutten av kampen scora André Lønning to mål, og Arild F. Waage eitt. Dermed blei det utklassingssiger 9-1 i ein kamp der det mot slutten knapt var meir enn eitt lag på banen.

Å trekkja fram enkeltspelarar er naturlegvis ikkje nødvendig, men målstatistikken talar for seg. Elles er det ein klar styrke for laget at det består både av kjappe, tekniske spelarar og andre meir fysisk sterke gutar med overblikk og styrke i taklingane. Og det gler eit fotballhjarta å sjå mange fine pasningar på midtbanen, pasningar som berre kan slåast av spelarar som har fotball både i hovud og bein.

Etter dagens storsiger har fjortenåringane stø kurs mot puljesiger i 2. dvisjon avd. 04 G14 Hordaland. Neste kamp er heime mot Bremnes førstkomande søndag kl. 14.00.