A-laget til Fitjar spelte sin beste kamp i manns minne, og vann fortent 4-2 i bortekampen mot Søre Neset fredag kveld.

Etter eitt poeng i seriepremieren mot Fusa var det eit heiltent Fitjar-lag som fredag reiste til Søre Neset for å spela den utsette kampen mot ein av opprykksfavorittane. Fitjar begynte kampen veldig godt og var det førande laget, men etter 22 minutt tok heimelaget leiinga på eit godt angrep på venstresida som blei avslutta på direkten inn bak Idar Mjønes i Fitjar-målet. Ein Thomas V. Waage i storslag utlikna til 1-1 på eit flott gjennomspel frå Kjell André Thorland. Heimelaget tok igjen leiinga etter vel 40 minutts spel, ein kort corner blei slått inn framfor Fitjar-målet, der ballen blir heada kontant i mål av ein Søre Neset-spelar. Kun to minutt etter var Thomas igjen frampå, eit langt utspel frå Idar Mjønes blei stussa vidare av Øystein F. Waage. Thomas tverrvende og «klinka» ballen opp i krysset bak ein sjanselaus Søre Neset-målvakt, og 2-2 til pause.

Kjell Træet, som har gjort ein sterk 1. omgang, må gi seg i pausen etter ein smell i foten, og inn kjem Mats Brakedal. Fitjar tar kommandoen frå start av også i andre omgang og etter 5 minutt får laget eit korrekt idømt straffespark etter at ein Søre Neset-forsvarar stopper ballen med handa. Thomas set inn si tredje scoring for dagen, og Fitjar leier for første gong i kampen.

Etter 65 minutt jagar Thomas ein ball, kjem for seint og treff leggen på ein Søre Neset-forsvarer med voldsom kraft. Thomas blir liggande med sterke smerter, og blir etter 10 minutt tatt av banen på båre. Etter ein lengre pause blæs dommeren kampen i gang igjen. Fitjar-laget er farleg frampå fleire gonger, og det er fortent når Leif André Tangen «parkerer» venstre backen til Søre Neset, kjem ned til linja, og innlegget blir møtt av Mats Brakedal, 4-2 til Fitjar!

Søre Neset trykte godt på mot slutten, men kom ikkje nærmare enn eit skot som small på innsida av stolpen og ut på banen igjen. Fitjar leverte ein veldig god kamp mot eit godt lag, alle spelarane la ned ein enorm innsats. Det var høgt balltempo, mange av angrepa kom etter godt spel.

Trenar Stein Gunnar Halleråker seier til fitjarposten.no at dette kanskje er den beste kampen laget har spelt i hans tid som A-lagstrenar. – Klarer laget å komma opp det same nivået framover, vil det vil mange poeng utover i sesongen, meiner trenaren. Men eit stort skår i gleda er at Thomas V. Waage har brote leggen, og mest sannsynleg blir borte resten av vårsesongen.