A-laget leverte festfotball og sende topplaget Sandviken heim med 1-8 i den sure treningsbagen etter seriekampen laurdag ettermiddag.

Om det var ei Fitjar-bygd pynta med norske flagg til konfirmasjonsfest som inspirerte gutane, skal vera usagt. Kanskje var det den nye inngangshymnen – den same som dei bruker i Tippeligaen – som mana til dåd?

I alle høve fekk me sjå ein kamp langt over det me har opplevd på Fitjar dei siste åra, enkelte meiner at det er den beste kampen dei har sett av Fitjar nokon gong. For å vera heilt nøktern kan me slå fast at ein så flott offensiv fotballkamp har me ikkje sett hos oss på 10 år.

Men det begynte ikkje så bra for dei heiltente Fitjar-gutane. Dogga hadde ikkje tørka av kameralinsa før ballen fauk inn i vinkelen. Serieleiarane frå Sandviken gjekk i angrep med liv og lyst, og det gjekk vel fort for Fitjar-forsvaret. Trond Vegard Ripe fekk litt for god plass og kunne knusa ballen i vinkelen, og ut att på banen. Både dommaren og kunnig personell på tribunen hadde sett det me ikkje fekk med oss, at ballen hadde vore inne.

Fitjar-gutane let seg ikkje knekka av kalddusjen, og gjekk rett i angrep. Etter berre eit par minutt kunne Helge Træet utlikna på eit knallhardt skot frå kort hald. Men han må dela æra for målet med ein kjapp og teknisk Badi Hurashi, som på umogeleg vis kom seg gjennom Sandviken-forsvaret.

Dette målet blei starten på den beste fotballomgangen på Fitjar i manns minne. Thomas V. Waage gav 2-1 på eit fantastisk skot frå kort hald i nettaket. Også det etter eit fint raid av Badi Hurashi på høgresida. 3-1-målet til Henrik Raunholm Kjelling var minst like fint. Han la ballen elegant med venstrefoten rundt keeper frå 14-15 meters hald. At Henrik var i offside då han blei spelt gjennom, var det heldigvis berre Fitjarposten som la merke til. Rett før pause blei det 4-1, då Kjell André Thorland skrudde ballen inn ved stolperota frå 16-17 meters hald.

At det ikkje blei fleire mål i første omgang har dei arme serieleiarane frå Sandviken størst grunn til å vera fornøgd med. 4-1 ved pause var ikkje eitt mål for mykje, etter at heimelaget hadde hatt full kontroll på gjestene med flott offensivt spel. Fitjar-gutane vann duellane og sette fart på ballen så snart dei fekk tak i han. Men den som hadde trudd at dei skulle leggja seg i forsvar, og ri på leiinga, tok feil. Andre omgang heldt fram i same sporet, og allereie etter 10 minutt scora Thomas V. Waage på nytt, også denne gongen etter eit fint raid av Badi.

Då Thomas gav 6-1 vel 10 minutt før slutt, trudde vel dei fleste at han var ferdig med scoringane for dagen. I alle høve utnemnde ein jury Kjell André Thorland til dagens Fitjar-spelar, og gav han komlemiddag på Fitjar Fjordhotell. Ei særs velfortent utmerking etter Kjell André hadde vist det beste midtbanespelet me har sett på Fitjar på mange år. Men Thomas hadde ikkje gitt seg for dagen. I løpet av dei siste fem minutta scora han to mål til, og dermed måtte juryen ut med ein komlemiddag til Thomas òg!

7-1- målet var av det slaget ein sjeldan ser på våre kantar. Thomas kom i stor fart mot hjørnet av 16-meteren og sopte ballen opp i krysset bak ein sjanselaus gjestekeeper. 8-1 kom på overtid etter at innbytar Goff Artsamai hadde vist kven som var raskaste mannen på banen og fauk forbi alt som var på høgresida, før han la inn framfor mål. Der var Thomas og scora sitt mål nummer fem for dagen.

Superlativa hagla både blant publikum og støtteapparat etter laurdagens festframsyning, og me melder oss gjerne på i hyllingskoret. Me har sjeldan eller aldri sett så mykje fint offensivt spel i ein og same kamp på Fitjar, og sigeren kunne faktisk blitt endå større. Trenarduoen Kjell Træet og Leif «Dikki» Steensohn var naturlegvis strålande fornøgde.

– I dag fekk me i gang alle nøkkelspelarane, seier Dikki, dermed kom og det gode spelet. Det nyttar ikkje at ein og ein kjempar, me må få til bevegelse samtidig, at alle er med på ein gong.

Kanskje bør kampen gå inn i historiebøkene som ein av dei beste i Fitjar. Historisk sus var det i alle høve over det som skjedde fem minutt før slutt. Då kom Trond og Aleksander Henriksen inn på banen som innbytarar. Det har aldri skjedd før at far og son har entra banen samtidig i A-lagskamp for Fitjar. Unge Aleksander har berre ei handfull kampar bak seg på laget, og det spørst om han når att faren. I går fekk Trond Henriksen nemleg sin kamp nummer 633 på A-laget til Fitjar!

Med laurdagens storsiger sende Fitjar naboane nordom fjorden til topps i 4. divisjon. Elles merkar me oss at dei andre naboane våre, Bremnes, gjekk på eit tap mot botnlaget Djerv. Neste kamp for Fitjar blir borte mot Follese 24. mai, og så blir det heimekamp mot Baune 29. mai, Kristi Himmelfartsdag. Måtte dei ta vare på formen til neste gong me ser dei.