Fiskefestivalen med havfiske gav gode fangstar i det uvanleg fine sommarvêret.

Det blei fiska mest makrell, men og ein del sei, hyse, lyr og torsk under årets fiskefestivel. Nils Agasøster sin «Fjordcruise» frakta stongfiskarane ut til fiskeplassar på Fodno og Skumsnes, før han tok med seg havfiskarane ut i Selbjørnsfjorden.

Mest fisk av alle fekk den gamle kjenningen Knut Berge Aarbø, som stilte i båtklassen denne gongen. Heile 44,95 kg fisk drog han opp på eit par timar. Men den største fisken i båtklassen – på 2,8 kg – fekk Otto Herhus. Og dagens aller største fisk fekk havfiskar Terje Aleksandersn, som drog opp ein torsk på 4,2 kg.

RESULTAT:

Båtfiske:
Mest fisk: Knut Berge Aarbø 44,95 kg.
Støst fisk: Otto Nerhus, 2,8 kg

Båtfiske junior:
Mest fisk: Mathias Turøy 25,8 kg.

Stongfiske:
Mest fisk: John Karsten Raunholm 19,3 kg
Størst fisk: Geir Fitjar og Kristian Skumsnes 1,3 kg (delt førsteplass)
 
Stongfiske junior: 
Mest fisk: Jakob Mehammer 6,75 kg
 
Havfiske:
Størst fisk: Terje Aleksandersen 4,2 kg

Som vanleg vanka det flotte premiar til dei heldige og dyktige fiskarane. Totalt vart det fiska 651,45 kg fisk. Publikum fekk forsyna seg av fangsten, den delen som ikkje fiskarane ville ha sjølve. Og det som ingen ville ha – ca. 220 kg – blir bruk som teinemat av ein lokal krabbefiskar, fortel Vidar Larsen i arrangørstaben


Den gamle storfiskaren Roald Drønen, med svigerson og barnebarn, nådde ikkje heilt opp i fiskekonkurransen, men det var ingen ting å seia på utstyret og optimismen. Foto: Kjetil Rydland.

 

Nils Agasøster sin «Fjordcruise» kjem til lands med glade fiskarar. Foto: Kjetil Rydland.

 

Ingressfoto ved Kjetil Rydland: Havfiskar Terje Aleksandersen med dagens største fisk, ein torsk på 4,2 kg.