Fitjar kyrkjelyd starta søndagen med KodeB-gudsteneste i kyrkja og avslutta med kyrkjelydsfest på bedehuset.

Det oppleves alltid som ein fest å ha ungar som aktive deltakarar under ei gudsteneste. Denne søndagen var det 6. klassingar som har delteke på trusopplæringstiltaket KodeB som deltok på ulikt vis saman med kyrkjelydspedagog Silje H. F. Fylllingen og sokneprest Olav J. Oma. 

Nokre timar etter gudstenesta samla kyrkjelyden seg til fest på bedehuset. Med over 130 festdeltakarar, fint pynta bord, eit svært tiltalande festkakebord og eit rikhaldig program var det duka for ei flott feststund. 

«Familiegruppa» deltok med frisk song, soknepresten kom med helsing og eit stødig husorkester la grunnlaget for god allsong. Husorkesteret som bestod av Elin Sørfonn, Dagfinn Brekke, Anders Sætre og Steinar Vik hadde mellom anna eit svært flott allsongarrangementet til Deg å få skoda. Det var ei fryd å få delta i allsongen til eit slikt akkompagnement. 

«Ei pilgrimsreise» var overskrifta på årets festtale, som Inge Bruland stod for. Inge Bruland, prest og fotograf, gift med Aud Jorunn Bjørlykke (som har vakse opp på Fitjar og som har skrive boka: Fitjar prestegard), fødd i Stavanger, no busett på Randaberg. Bruland har drive med så mangt og fått mange tilnamn, men sjølv likar han best å bli kalla pilgrim. Han har reist mykje i Midtøsten og han har gjeve ut fleire bøker både om reisene sine og anna. Under dagens pilgrimsreise tok han, gjennom bilete og ord, festlyden med på nokre av desse reisene, og festlyden fekk mellom anna sjå mange vakre bilete frå det heilage landet.

På kakebordet bugna det av flotte festkaker som raskt fekk bein å gå på då festlyden vart sleppt laus. Med ein god tår kaffi i koppen og mykje søtt attåt sat praten laust rundt borda, og det var nærast uråd å få festlyden til å roa seg då 22 år gamle Marita Westerheim frå Dåfjorden skulle stå for det neste musikalske innslaget. Men ho hadde ikkje teke mange grepa på gitaren og sunge mange ord av «O store Gud» før det vart andektig stille i salen. Om det var flott, så kom stemma hennar endå meir til sin rett då ho song den eigenkomponerte songen «The golden bird». Det var eit gyllent fest-høgdepunkt.

Gode og mette av det me hadde fått sett, høyrt og ete var det godt å avslutta med nokre bøne-dikt, opplesne av Kjersti Muri, som minna festlyden om at å be det er å pusta ut det vonde hos Gud og å pusta inn Guds godleik og kjærleik. Ei god påminning å ta med seg ut i ruskeveret og kvardagen.