– Vi høyrde ein kraftig smell og såg at ferja krasja i kaien, fortel ein passasjer som venta på ferja då MF «Fanafjord» ikkje klarte å stoppa i tide på Sandvikvåg tidlegare i dag, fortel bt.no

Problem med fallemmen etterpå gjorde at det tok 20 minutt før ferja klarte å leggja til land. Men store skadar vart det ikkje. Heller ikkje skal passasjerar eller køyretøy om bord på ferja ha blitt skadd.

– Ferja vart forseinka som følgje av samanstøytinga, men hendinga får ingen verknad på drifta av ferja utover dagen, seier driftsleiar Oscar Bergheim i Fjord 1 Fylkesbaatane til bt.no

På veg tilbake til Halhjem var mannskapet allerie i ferd med å utbetra skadene på fallemmen.

Les meir på bt.no.