M/F Bergensfjord braste i full fart inn i kaien på Sandvikvåg. Bård Kvamme, som sto og venta på ferja, fortel til NRK Hordaland at kaien spratt opp og at eit rekkverk vart øydelagt då M/F Bergensfjord small rett inn i kaien tidlegare i dag.

Ute på pynten sto nokre jenter med syklar og venta på ferja.
– Kaien spratt rett opp ved sida av dei. Hadde dei stått nokre meter lenger borte kunne det gått skikkeleg gale, seier Kvamme til NRK Hordaland.

Etter det fitjarposten kjenner til vart det ingen personskader i samanstøytet. Det skal ha gått verst utover kaien.

I følgje NRK Hordaland skal ferja no gå som normalt.