Ordførar Harald Rydland gledde seg i dag over at gassferjene endeleg er snudd og at han kunne møta dei gåande ferjepassasjerane på den tryggaste sida av landgangen då ferja la til kai i Sandvikvåg.

Heilt sidan gassferjene tok til å gå i 2007 har mange reagert på at gåande passasjerar har måtta gå av ferja på «feil side», og at det har skapt mange trafikkfarlege situasjonar. I februar i år engasjerte ordførar Harald Rydland seg i saka, og endeleg tok det til å skje noko, sjølv om det i første omgang var lite handling å spora hos Vegvesenet og Fjord1 som har ansvar for kaien og ferjene. No er endeleg ferjene snudd, noko som var ein enkel operasjon utpå fjorden, rekkverket er flytta i løpet av nokre timar, og dei gåande passasjerane kan no gå av og på ferja på same side som parkeringplassen og busstoppen er, og såleis sleppa å kryssa vegen.

Dette har vorte ei kjempeflott løysing, strålar ordføraren, då han møter dei gåande ved landgangen. Av alle enkeltsaker eg har engasjert meg i er dette den eg har fått desidert mest tilbakemeldingar om, fortel Rydland. Dette har engasjert fitjarbuen, og no kan dei gle seg over endringa, som eigentleg var enkel og lettvint, men svært betydningsfull.

Ordføraren har med seg blomehelsing til ferjemannskapet, som kanskje heilt uforskyldt har mottek mykje klage frå frusterte reisande utan bil. Det er ein glad og overraska 1. styrmann på Fanafjord, Morten Falkanger, som på vegner av alle dei tilsette mottok blomehelsinga og lovde å formidla helsinga frå ordføraren vidare til resten av mannskapet. Morten fortel at dei og gler seg over at det no har vorte tryggare for dei gåande. Men at det har vore nokre som ikkje har fått med seg omlegginga enno og såleis har stilt seg opp på feil side, har dei erfart fleire gongar, så det tar nok enno ei tid før alt går seg heilt til. Inne på ferja er det ikkje gjort endringar, men alt vert motsatt veg og det har gjort oss litt forvirra, smiler styrmannen, før ferja på ny legg frå kai.

På Halhjem-sida er og dei gåande no vist til den andre sida, og har ope leide både til korttidsparkeringa og busstoppet.

Ei lita endring på nokre timars arbeid løyste eit stort problem for dei mjuke trafikantane, og gav ordføraren ei positiv avslutting på valkampen, sjølv om han påpeikte at dette ikkje var ein brikke i det spelet, men eit ordføraroppdrag som han med glede hadde engasjert seg i over lang tid.

Ordførar Harald Rydland og Kristi Rydland gler seg over å kunna gå av ferja på den mest trafikksikre sida av ferjelemmen.