Fitjar vann sin siste seriekamp før ferien då Trott måtte bita i graset med 0-1 tap sist fredag. Målskårar var igjen Kjell Magne Halleråker som no ligg svært høgt oppe på toppskårarlista med 10 skåringar. Men denne sigeren kan Fitjar ta ferie, vel vitande at dei har mykje å gå på før haustsesongen startar med bortekamp mot Flaktveit 5.august.