Det seier den dama som elskar å stelle med blomar, til glede for så mange.

Har du lagt merke til dei vakre blomane som til ei kvar tid står på altaret i Fitjar kyrkje? Det er sju år sidan Kyrkjeringen tok på seg ansvaret med å pynte.  Den gongen sa Haldis Abotnes seg villig til å ha hovudansvaret. Berre i feriemånaden juli har ho fri frå denne jobben, og sjølvsagt når ho og ektefellen er bortreiste elles i året. Då er det andre medlemmer i Kyrkjeringen som tek ansvar. No er det august og Haldis er i arbeid att. Det er slett ikkje berre litt arbeid før kvar messesøndag, for Haldis gjer mykje anna enn å setje friske blomar i vasane. Planlegginga startar i februar/mars, då vert dei første frøa sådde. I hagen står fargerike løvemunn som skal brukast i dekorasjon komande søndag. Frøa til desse hausta ho av fjorårets avling. Plantene vart sette ut ca 1. juni. Det kjem stadig nye blomar heilt til frosten kjem.

Om vinteren lyt Haldis bruke potteplanter på altaret. Dei vert betalte av Kyrkjeringen, mens alt anna er gratis. Då skjønar me at arbeidsinnsats og frø og diverse anna er ei raus gåve til kyrkja.

Også om våren er det mykje å velje i av eigen produksjon når Haldis skal pynte på altaret. Mange slag liljer står i rikt flor.

Denne sommaren er det heller sein blomstring, seier Haldis. Kald nordavind og regn har sett blomane attende. Det ser me i bedet der nærare 200 gladiolus står med knoppar, og vil nok ikkje blomstre før i september. Løkane vart sette ut rett etter 17. mai. Dei tek ho vare på kvar haust. I oktober vert dei klypte halvveges ned og tekne inn i kjellaren. Der ligg dei med lauvet på til løkane har fått kraft i seg.

Roser av mange slag blømer så vakkert i beda hos Haldis, i tillegg til ringblomst og asters og mange andre sortar. Desse kjem til nytte i mang ein blomsteroppsats. Haldis er oppteken av fargesamansetjing og prøver å ta omsyn til kyrkjeåret sine fargar når det skal pyntast i kyrkja.

Haldis seier det er ei sann glede å stelle med blomar, om det så er heime eller i kyrkja. Me veit at ho rett ofte har laga flotte oppsatsar og hatt ansvar for festpynta bord i mange anledningar. Det var Haldis som hadde ansvar for inneblomane på Rimbareid skule, der ho jobba i ein mannsalder.

Me får og høyre at ektefelle John er ein god medhjelpar. Han tek ofte eit tak i hagen og spar blant anna sengene. Mange av «kyrkjeblomane» veks i ein eigen del av hagen deira. – Elles er John ein god konsulent når eg lagar dekorasjonar, understrekar Haldis. Folk legg merke til pyntinga i kyrkja. Ho får mange fine tilbakemeldingar.