Pensjonistektepar frå Fitjar ferierte på Gran Canaria. No har dei begynt å jobbe der.

Når dette vert skrive, har Torunn og Arthur Helland teke til i arbeid for Skandinaviska Turistkyrkan i Puerto Rico, som har Kanariøyane sitt beste klima (ligg på sørvestkysten). Torunn skal arbeide som husmor medan Athur tek seg av førefallande arbeid i tillegg til å vere sjåfør. Då Fitajarposten møtte desse to for eit par veker sidan, var dei straks klar til utreise. Begge to gledde  seg til å ta fatt på meiningsfylte arbeidsoppgåver, som dei kjenner til frå eit opphald i 2008 og sist vinter. På spørsmål frå oss var det ingen av dei som sakna den flotte vinteren me hadde då. Dei trivst så godt i varmare strok.

Skandinaviska Turistkyrkan, som er tverrkyrkjeleg,  vart stifta av ein nordmann, Matias Korsvold for 45 år sidan. Han såg at det var trong for evangelisk arbeid blant skandinaviske turistar. Her er det full drift i den perioden det er flest langtidsferierande, frå oktober til april, med kombinert kafe, møtelokale, eit lite bibliotek og høve til å bruke internett. Turistane vert bl. a. inviterte til fjellturar, festkveldar med norsk mat og  songgudsteneste med andakt. Ønskjekonserten på onsdagar er svært populær. Då er det stappfullt, seier Arthur. Ei anna lita, men viktig oppgåve er innsamling av klær som turistane gløymer på stranda. Klærne vert levererte til barnehagar, og fattige folk viser stor takknemleghet for det dei får.  Personalet i Turistkyrkan går og på besøk til turistar som vert råka av sjukdom. Dei fleste arbeidarane er norske. Det vert samarbeidd med Sjømannskyrkja, og opplegget for desse to har mange likskapar. Bl.a. vert nysteikte vaflar serverte på begge plassar.

Torunn seier til slutt at dei har bunde seg til ein arbeidsperiode på 6 mnd. Dei ønskjer ferierande fitjarbuar velkomne til Skandinaviska Turistkyrkan.