Om planane til Johannes Sandvik bak Port Steingardseid vert realiserte, vert Kråko eit sunnhordlandsk ferie-eldorado utan sidestykke.

– Vår visjon er å leggja til rette for utbygging av ein annleis møtestad for fritidsopplevingar, heiter det i den svært vakre prospektboka me har fått i hende.

Her les me vidare at møtestaden skal vera ein naturleg møteplass for dei som held til i Kråko sjøhytteområde, men det vil òg vere ope for fitjarfolk og andre som søkjer gode fritidsopplevingar. Ein tenkjer spesielt på ferierande frå inn- og utland som ønskjer å leige bryggjehus eller leilegheit for ein kortare periode. Også båtfolk og folk som kjem landevegen høyrer til målgruppa.

Ein ønskjer òg å nå grupper som vil halde møte og konferansar i eit avslappa og uformelt miljø. Prospektet er utvikla av Smedvig Landskapsarkitekter AS og jk.nielsen as i nært samarbeid med Johannes Sandvik i Steingard, og kona Jorunn Hernes. For Jorunn, alias såpekokaren vår, er òg aktivt med i detaljplanlegginga.

Etter å ha blitt samde med fylkesmannen om nokre mindre detaljar, kan reguleringsplanen verte godkjend i neste møte i Utval for plan og miljø i Fitjar. – Dette er sjølvsagt berre eit lite steg på vegen mot det store målet. Men investoren me hadde trong for i starten, er på plass, og får me kommunalt klarsignal, kan grunnarbeidet ta til ut på hausten, seier Sandvik.

Johannes Sandvik er grunneigar til Steingardseid på Kråko, der det ligg ei lun vik som endar opp i ein poll. Ein poll som i dag er tilgrodd og utilgjengeleg. Men når området blir grave ut, vil det gi rom for kaifrontar rundt heile eidet, og langs kanalen som er laga frå Steingardseid og ut til Hellandsfjorden. Her skal det òg byggjast mange spennande feriehus i ulike storleikar for utleige.

Dette er berre ein del av ferie-fasilitetane.

Torget som ligg på landtunga som kanalen og podlen formar skal vere eit urbant rom for uteaktivitetar og festivalar. Både ein bryggjekafe og eit veksthus er planlagt her. Dei er kalla Grindhusa og skal vere publikumsbygningar som skal tene bebuarane og dagsbesøkjande. I veksthuset vert det dyrka fram grønsaker og urter til dagens lunsj og middag. I dette området skal det òg vere små hus for ulike næringsaktivitetar.

Ankomstorget ligg i forlenginga av Torget, mot vegen i aust. Her vert det laga til rom for biloppstillingsplass pluss lagerbygg for aktivitetsutstyr.

Kanalen bind saman vestsida og austsida av Kråko. Denne er basert på ikkje-motorisert ferdsel. Der kanalen munnar ut i Steingardseidet vert det forma ein langstrakt kaikant for besøkjande i båt.

Kanalhusa på 20 – 30 kvadratmeter er små hus som skal gi rom til aktivitetar som tilfører liv til Torget. – Det kan til dømes vere kunsthandverkarar, såpekokarar, røykeri, skrivestove, lydverkstad med meir, heiter det i prospektet. Ved behov kan ein slå saman fleire einingar.

Det noko større bryggjehusa på 42 til 70 kvadratmeter kransar rundt den grunne strandpodlen. Kvart hus får si eiga stolpebryggje. Her vil det vere sengeplass for opp til åtte personar. Husa kan vurderast som delar av Landskapshotellet som truleg ikkje vert noko vanleg hotell, men eit overnattingsetablissement som mellom anna vil stå for utleige av kajakkar, syklar, fiskeutstyr – og det ein elles måtte ha bruk for på ein opplevingstur i Fitjarøyane. Området vil òg bli tilrettelagt for telting med ein eigen teltcamp.

I BT-bilaget «hus og hjem» vart prosjektet presentert sist fredag. Dei har òg hatt ein prat med Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll, som er svært glad for prosjektet. Ho seier: «Vi er så glade for at vi har eldsjeler som Sandvik og Hernes som ser mogelegheiter, og som er i stand til å realisere gode idear. …Dei er svært gode ambassadørar for kommunen», seier ho, mellom anna.

Les meir her.