Midtfjellet Vindkraft vil opne opp for ferdsel på anleggsvegane i Midtfjellet i jule- og nyårshelga.

Møllemontasje og den tunge anleggstransporten tek ein pause, og det vil vere anledning for turar både til fots og på sykkel. Vi ber likevel om at de viser alminneleg varsemd, då det kan førekomme køyring i området. Bruk refleksvest! Dette gjeld både på anleggsvegane i fjellet og på tilkomstvegen til Olstjørn.

Anleggsverksemda startar opp att 7. januar. Midtfjellet Vindkraft vil då komme med ny informasjon om ferdsel i området.

Midtfjelelt vindkraft oppmodar alle til å nytte høvet til å oppleve den flotte fjellheimen!

Med ønske om ei riktig god jul, og eit godt nyttår frå Midtfjellet Vindkraft!