Alle anleggsvegane i Midtfjellet er no stengde for allmenn ferdsel.

– Anleggsarbeid føregår no fleire stader i Midtfjellet, mellom anna med sprenging i terrenget sør for vasskraftrøyret på oppsida av Årskog. Det vert elles anleggstrafikk i heile vegnettet til fjells frametter. 
Difor vert alle vegane stengde for allmenn ferdsel på kvardagar, med ei tryggleikssone ut i terrenget på 50 meter.

Går du i terrenget er det tryggast å halda seg godt unna område der det er aktivitet. Sprenging kan skje på kort varsel. Der det vert brukt kranar for å setja opp møller, er tryggleikssona 300 meter, heiter det i ei melding frå Midtfjellet Vindkraft AS.

Ope til Svartavatnet 


– Den gamle vegen opp til Svartavatnet vil likevel vera open for gåande og syklande. Men ein må visa spesiell varsemd når ein ferdast opp mot Olstjørn og ved kryssing av ny veg ved Kidnavatnet og Midtvatnet. 
Om sundagane vil alle vegane vera opne for gåande og syklande, sjølv om det også då vert noko biltrafikk. 
Hald avstand til installasjonar, maskinar, køyrety, utstyr og byggjeplassar.

Bruk alltid refleksvest, då det kan vere vanskeleg for køyrande å sjå fotgjengarar, heiter det til slutt i meldinga.