Midtfjellet Vindkraft vil opne opp for meir ferdsel på anleggsvegane i Midtfjellet.

I samband med det ber vi om at de viser alminneleg varsemd då det vil førekomme køyring i området.

Bruk alltid refleksvest, då det kan vere vanskeleg for køyrande å sjå fotgjengarane! Vegane merka med rosa på kartet vil vere opne for fri ferdsel alle dagar. Dette betyr at det vil vere mogleg å gå opp til Svartavatnet kvar dag. Nordom Langavatnet vil det også vere ope for fri ferdsel. Anleggsvegane innover fjellet frå Olstjørn og fram til nordre enden av Langavatnet vil vere stengd for ferdsel, då det vil på gå arbeid i dette området.

Om sundagane vil alle vegar vere opne for fri ferdsel.