I dag har Fitjar Idrettslag gjort seg ferdig med ein stor ryddedugnad for Midtfjellet Vindkraft AS.

Dugnaden har gått ut på å rydda fjellet i vindparken for alt som ikkje høyrer heime der. Det gjeld søppel som plastposar, skyteleidningar, plast og ymse emballasje osv. Det meste hadde allereie blitt fjerna, men ein del var igjen etter at vêr og vind hadde lagt det frå seg hist og her.

Det viste seg snart at Fitjar Idrettslag ikkje hadde problem med å mønstra mannskap til ein slik slik kjempedugnad. Laurdag for to veker sidan møtte 30 sportsfolk opp og rydda den søre halvdelen av vindparken. Sist laurdag møtte like mange, men dei måtte gjera vendereis etter å ha troppa opp i Rimbareidfeltet. Skodda var for tett til at idrettslaget ville dra med seg så mange ungdommar til fjells.

Men dugnaden i dag blei gjennomført med suksess. Heile 41 deltakarar møtte opp, fortel leiar i fotballgrupopa, Gisle Levåg. Dei blei frakta i bilar opp til transformatorstasjonen, som var base under dagens ryddeaksjon. To grupper blei frakta vidare nordover i vindparken, og så arbeidde gruppene seg mot kvarandre til dei var ferdige, fortel Gisle. Han fortel at vêret var bra, og at folk folk heldt varmen i den litt sure vinden. Gisle er spesielt imponert over gutane på juniorlaget. Dei tok ansvar sjølve, og gjorde ein kjempejobb. Men også dei andre gruppene i idrettslaget stilte med mykje folk som gjorde jobben sin, presiserer Gisle.

I dag blei den nordre halvdelen av vindparken rydda, og no er dugnaden gjort. Det som står att, er at leiar i Fitjar Idrettslag, Simen Aarskog, skal gå over området saman med folk frå Midfjellet Vindkraft for å sjekka.