Valfaggruppa i musikk ved Rimbareid skule slo til med ei svært fengjande framføring med song og dans i country og hip-hop stil, torsdag kveld.

Framføringsgleda smitta òg på forsamlinga på rundt 70 personar, og dei applauderte villig under heile framføringa.

Tiandeklassingane Siri Eidnes, Tone Hatlevik og Ole Andrè Westerheim har allereie markert seg som gode songarar, men framsyninga torsdag kveld, synte at det er mange andre andre talent i denne gjengen òg. Både skodespelarmessig, scenemessig og musikalsk.

Ann-Sofie Drønen stod endå ein gong for glimrande regi, med kostymer og scenografi som ikkje berre let oss vera med i einskilde nummer, men tok oss med  inn i forskjellige miljø, slik dei er. Mucho gratias!

Ein ekstra honnør òg til Lene Spissøy som skreiv manus og var medregissør.