Kommunikasjonssjef i MOT, Bård Flaarønning, klarte i dobbel forstand å engasjere publikum med sitt MOT- foredrag i amfiet på Fitjar vgs i går. Her vert han takka av skulesjef John Karsten Raunholm etter foredraget. Foto: Håkon C. Hartvedt

Når me skriv at han engasjerte i dobbel forstand, er det  fordi han trekte tilhøyrarane inn i det heile ved praktiske øvingar som gjorde det heile meir interaktivt.

Foredraget handla elles om korleis vaksne personar som har med ungdom å gjere, kan utgjere ein positiv forskjell for å hindre at dei hamnar ut i eit liv med rus og uønskte handlingar. Målet er at dei skal våge å vere seg sjølv og jobbe for å nå dei måla dei drøymer om.

Flaarønning presenterte så åtte punkt som kan bidra til å utgjere ein slik forskjell.

1. Ønskjeliste
Det er viktig å starte med å setje opp ei ønskeliste over kva ungdommane ønskjer av deg, og du av dei.

2. Avklare forventningar
Dette punktet heng litt saman med det første. Å avklare kva forventningar ein har til kvarandre, til det ein skal ta til med o.l., er viktig å få gjort i starten.

3. Plante positive forventningar
Ungdommar som ein syner at ein har forventningar til, eller tru på, vil klare seg betre enn dei som ikkje opplever at nokon forventar noko av dei. – Bli derfor knallgode på å plante positive forventningar, sa Flaarønning.

4. Ver tydeleg
Det kan godt vere at ungdommen protesterer mot klare grenser. Men dei treng desse grensene, og om 10 år vil dei kanskje takke deg fordi du sette dei.

5. Godt publikum
Her siterte foredragshaldaren Alexander Dale Oen som i samtale med ein symjar som hadde ein draum om å bli like god som han, men som frå miljøet rundt seg stadig fekk signal på at det var tåpeleg å drøyme om noko så høgt. Dale Oen fortalde då om en gjeng froskar som hadde som mål å karre seg opp på ein høg fjelltopp, men på grunn av stadige kommentarar som «de kjem dykk aldri opp!», gav dei seg – alle, bortsett ifrå ein. Han nådde toppen. Korleis det? Han var døv! 
Og bodskapen frå Dale Oen var så: – Ver døv overfor dei som seier at du ikkje kan nå draumen din. Hver sin drøm er akseptert.

6. Bra nok
Hjelpe ungdommane til å tru det.

7. Den første
Det skal mykje meir mot til å vere den første som seier nei, enn for den som hengjer seg på etterpå, sjølv om det òg er positivt.

8. Sjå deg i spegelen
Me som skal hjelpe ungdommane til å seie nei, seier me sjølve nei når me står overfor liknande utfordringar som dei møter?
– Stå opp om morgonen, sjå deg i spegelen og sei: – Her er eit førebilete, sa Bård Flaarønning.


Han avslutta foredraget med den kjende historia om mannen og sjøstjerna. Om mannen som står og kastar sjøstjerner som har hamna langt oppe på stranda, ut i havet igjen. Så kjem ein annan mann og seier: – Kvifor gjer du det? Stranda er jo kilometervis lang, og det er  tusenvis av sjøstjerner. Du klarer berre å berge eit fåtal av dei. Då såg mannen på sjøstjerna han hadde i handa, kasta ho ut i havet og sa: – Det er i alle fall godt for denne her!
   


Inspirerande foredrag av Bård Flaarønning. Foto: Håkon C. Hartvedt