Me opplevde det med Inge Halstensen, og me opplevde det i kveld med Harald Johan Sandvik. Berre forteljing med einskilde bilete kan fengja folk i godt over ein og ein halv time.

Så er då Harald Johan Sandvik ein glimrande forteljar, kanskje den beste i Fitjar, som Ole Bergesen, sa det. I alle fall: Sitjande på ein stol med ein berbar PC framfor seg heldt han det gåande i ein time og 40 minutt utan at folk syntest det vart kjedeleg. Tvert imot. Det mangla så visst ikkje på gode kommentarar til førelesaren etterpå.

Rett nok spedde Sandvik på med tre filmsnuttar som skapte litt variasjon. Men det var likevel lokalhistoria, fortald på ein utruleg levande måte, som fekk folk til å hengja på så lenge.

Harald Johan Sandvik er 2. generasjons sanningsvitne til sterke krigshendingar. Det var ikkje småtteri det far hans, A. Johs. Sandvik, var med på, og svært truverdig vart det når sonen no fortalde det vidare.

Elles auste Sandvik ut spennande episodar frå «Fitjar i krig» av Knut Rimbareid og «Etter eksplosjonen og røykskya blei havet flatt» av Lars Rimbareid – i tillegg til andre kjelder.

Mange nytta og høvet til å studera den flotte modellen til Odd Larsen over Osternes festning med Endre Inge Stokken som ressursperson. Ei utstilling av lokal krigshistorie i bokform krydra det heile på ein god måte.

Rundt 220 personar fekk med seg det heile.